Kunstbesøk hjå Kjell Pahr Iversen
Klepp kunstforening vart stifta for 30 år sidan og dette markerte me med ein medlemstur til Kjell Pahr Iversen onsdag 23 september. Me hadde ein kjempeflott kveld med omvising i atelieret og han delte mange tanker og erfaringer med oss. Han ga både teoretisk innføring om ulike kunstneriske teknikkar og viste i praksis korleis han starta prosessen med å mala eit bilete. Fantastisk å sjå.
Pahr Iversen hadde eit stort og flott atelier, der han kunne arbeida med fleire ulike kunstverk samtidig og ofte i serier. Besøket ga oss inspirasjon og glede til å forstå og læra meir. Etter god mat og drikke hadde me omvising og fleire kjøpte med seg eit kunstverk heim.
I samband med 30 årsjubileumet vart ein av dei 19 deltakarane den heldige vinnar av eit nydelig maleri.
Blide og nøgde deltakere på besøk hjå Kjell Pahr Iversen
Demonstrasjon av starten på eit maleri
Heldige vinnarane av eit nydeleg Ikon 🙂