Opning av utstilling med Gerd Åse Bråstein
Fredag 29.januar var det opning av utstillinga med Gerd Åse Bråstein
Iskaldt ute men varmt og godt i Folgehuset då Torstein Østevik ønska alle velkomne til utstillinga med Gerd Åse Bråstein.
Liv Marie Aase frå Klepp Kulturskule spela nydeleg på fløyte før Gerd Åse sjølv fekk ordet.
Ho la vekt på at Folgehuset og veggene der var med å skapa nytt liv i bileta.
Frida Hansen utstillinga i Stavanger har vore med å løfta interessa for denne kunstarten og det vert spennande å sjå korleis dette vil koma til uttrykk framover.
Gerd Åse Bråstein har laga ei storslått utstilling med eit stort og variert utval av bilete sine.