Utstilling med Kirsten Opstad
Fredag 16.september kl.19.00 er det opning av utstillinga med Kirsten Opstad i Klepp Kunstforening på Folgehuset.- Haugabakkavegen 9, Kleppe
- Lørdag 17/9 kl 13.00 – 16.00
- Søndag 18/9 kl.12.00 – 17.00
- Lørdag 24/9 kl.13.00 – 16.00
- Søndag 25/9 kl.12.00 – 17.00
Kirsten Opstad fødd i 1978 , kjem frå Nærbø men bur nå i Oslo. Ho har utdanning frå Kunstskolen i Rogaland i 1997-99, Statens kunstakademi ,Oslo 1999-2002 og 2003-2004. I 2002 var ho i Østerrike på Academy og fine Art V/ prof. Zobernig i Wien. I 2009 budde og arbeida ho i 6 måneder i Paris.
Ho har vore med på ei rekke utstillinger blant anna på Statens høstutstilling, på Astrup Fernely, Oslo fleire gonger i Kragerø og ei rekke gonger her på Jæren. Mange av utstillingane har vore saman med kunstner Roald Sivertsen. Dei ulike kunstverka har då vore fellesprosjekt som dei begge har arbeidet med, som på Hå gamle prestegard i 2010. Ho har og vore med på ulike utstillinger i Frankrike, Berlin , Gotland og Wien.
Ho bruker både foto og teiknar men mest har ho laga maleri med olje på ulike material. På utstillinga vil me blant anna sjå olje på tre. Eit kjent motiv har tidligare vore ulike ”selfi” men kjem nå med mange ulike uttrykk.
I tillegg til ulike kunstneriske uttrykk har ho og skrevet ein del poesi siste åra og gjekk på Aschehougs forfatterskole i 2013. I 2009 vart ho utnevnt til Augustpoet i Dagbladet med diktet
» Eg stel ikkje saltbeger frå drive-in-cafeen»
Eg tek ikkje med meg noko i lommene når eg går.
Eg reiser berre.
Ligg i kleda dei kler meg i.
Foldar hendene som alle dei andre
Kanskje får me høyra litt poesi og på opninga 🙂