Kunsttur til Hebert Thoma

Torsdag 31 august hadde medlemmer i kunstforeninga ein kjempekjekk kveld hjå Herbert Thoma i Eigersund.

 

Me vart teke veldig godt i mot av kunstnaren og kona, og me fekk sjå eit atelier med ein mengde flotte kunstverk, både teikningar, maleri og trykk.

Ulike teknikker og stor variasjon både i uttrykk og farger. Noko er gjenkjennande i mange av bileta, nemlig det å ha ein utgang.

og Thoma fortalde om kva som gav inspirasjon, utviklinga i forhold til motiv og fargebruk.

Inspirasjonen kunne koma frå ulike erfaringer men berre deler av dette vert uttrykt i bileta.

Me fekk og innføring i ulike teknikker og

fekk sjå kobberplatene i ulike stadier og den massive trykkpressa han arbeidde med.

Hebert Thoma har for tida utstilling i eit kloster utanfor Wien i Østerrike (der han er fødd).

Me fekk sjå bilete frå opninga og mange av kunstverka i utstillinga som er å sjå i eit av dei største klostera i Østerrike..

Medbrakt mat, kaffi og godt drøs før nokre av medlemmane fekk sikra seg kvar sitt kunstverk før heinreis.