Utstilling med Egil Torin Næsheim

 

image001 (1)

 

» Fra hav mot hei»  av Egil Torin Næsheim i Klepp Folgehus opnar fredag 17 april kl.19.00.

  • Lørdag 18/4 kl. 13.00 – 16.00
  • Søndag 19/4 kl. 12.00- 17.00
  • Lørdag 25/4 kl. 13.00 – 16.00
  • Søndag 26/4 kl. 12.00 – 17.00

 

Egil Torin Næsheim er født i Stavanger i 1939 men bur og arbeider nå i Fredrikstad. Han er biletkunstnar,- maler, teiknar, illustrerer og lager grafiske uttrykk.

Med illustrasjonsoppdrag for norske og utanlandske forlag, aviser, tidsskrifter og TV, er han en nasjonalt og internasjonalt anerkjent kunstnar.

Næsheim har hatt ein mengde utstillingar og er kjøpt inn av fleire institusjonar, både akvarellar, oljemaleri og teikningar.

Mange av teikningane er utført i blyant og akvarell med karikerte motiv frå norsk natur og eventyrverden. Han har blant anna illustrert den nye store viseboka av Alf Prøysen,- “Det er så vemodig mange viser”.

Egil Torin Næsheim også kalla Eventyrkunstnaren, har teikna mykje for barn, og har motteke Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur tre gonger.

Næsheim er bror av Jærkunstnaren Alf Næsheim som døde i fjor. Faren var kunstnaren Sverre Næsheim som underviste han både i teikning, maling og grafiske teknikkar.

I 1961-64 gjekk han på teiknelinja på Stavanger tekniske skule.

image002

 

Dette er hans første utstilling på Jæren. Han har med både oljemåleri, akvareller, teikningar, seriegrafi og tresnitt.

Næsheim er inspirert av mytiske Jæren og Garborg si Veslemøy i Haugtussa.  Velkommen til Folgehuset for å sjå hans fantastiske kunst.

Her er kunstnaren klar for utstilling

009

 

Frå opninga :

013

 

014

 

 

DSC_0364

 

 

1413030003

 

 

 

 

fossesholm_tommerlund_r_k

Herlege kjente julemotiv 🙂

egil-torin-naesheim-to-nisser-krangler

I sommarhalvåret reiser han og kona til husmannsplassen “Skomakerstova” i Vestre Gausdal der dei har kunstgalleri og senter for oppleving basert på natur og kultur.

DSC_0063

Stavanger Aftenblad hadde 18. oktober 2013 ein flott reportasje om historien om korleis dei saman har bygd opp denne plassen over mange år. Kunstnaren viste til at det han opplevde som guttunge om livet på fjellgardane i Ryfylket, hadde satt sine spor.