Utstilling med Gerd Åse Bråstein

IMG_20151229_0001

Opning fredag 29.januar 2016 kl.19.00 i Folgehuset på Haugabakka.

  • Lørdag 30.januar kl. 13.00 – 16.00
  • Søndag 31.januar kl. 12.00 – 17.00
  • Lørdag 6.februar kl. 13.00 – 16.00
  • Søndag 7.februar  kl. 12.00 – 17.00

20151124_191241

Gerd Åse Bråstein f.40 frå Sandnes, er biletkunstnar og hadde arbeidd med tekstilbilete i 25 år då ho i 2002 vart teken opp i Norsk forening for utøvande kunstnarar, med blant anna Hans Norman Dahl og Oscar Reynert Olsen i juryen.

 I samband med opninga av separatutstillinga pÃ¥ Bogstad gÃ¥rd skrev Hans Norman Dahl : «Gerd Ã…se BrÃ¥stein er et oppkomme, ja vel- det kan alle være,

men hennes skaperglede blir til fortryllelse for oss som ser hennes bilder, muligens ser vi mer enn kunstneren, og da har hun laget kunst- med livet som utdannelse.»

I tillegg til utdanning innan formingsfag har ho i fleire år hatt oppfølging av kunstnaren Tone Ek, ellers autodidakt.

20151124_185806-1

Etter 2002 med tv innslag i «Norge Rundt», hadde ho fleire separatutstillingar blant anna i Galleri Bogstad og Galleri Pingvin i Oslo.

Dei fleste utstillingane har vore her på Sør Vestlandet, som utstillinga der ho representerte Frida Hansens hus i samband med Stavanger som Europeisk Kulturhovudstad.

I 2003 var ho Operafestivalutstiller i Nordfjoreid, noko som resulterte i at eit av teppa hennar «Alpha og Omega» nÃ¥ heng i Operahuset der.

Ho har og vore med på ulike kollektive utstillingar.

Gerd 54

 

Hennar teknikk er tidkrevande og ho har brukt over 3 år på enkelte av dei største bileta.

Dei mange forskjellige tekstilane (som ofte og har sin historie både i bruksområde og opphav) vert sydd for hånd lag på lag. Denne teknikken gir dybde, lys og liv.

Ulik lyssetting kan endra bileta hennar og gi forskjellige uttrykk. Ho arbeider både figurativt og nonfigurativt, tema varierer og er tidsaktuelle.

Fleire av teppa ber preg av inspirasjon frå ulike eksotiske land.

Gerd Åse Bråstein2015-12-06-0002Gerd Åse Bråstein2015-12-06-0009

«Safari»                                                                           «Fanget»

Me i styret i Klepp Kunstforening fekk gleda av å vitja heimen til kunstnaren og vart overvelda av alle dei nydelege bileta.

Håper mange får med seg utstillinga der dei aller fleste bileta vert for sal 🙂

Gerd Åse Bråstein2015-12-06-0010