Utstilling med Kirsten Opstad

 

thumbnail_078

Kunstnaren under opninga fredag 16. september.

Opent også neste helg :

  • lørdag 24.sept kl.13.00-16.00
  • søndag 25.sept kl.12.00-17.00


Utstillinga «Fem ubesvarte anrop» vart opna fredag 16. september. Mange hadde funnet vegen til Folgehuset denne nydelege haustkvelden og bÃ¥de store og smÃ¥ kosa seg nokre innhaldsrike timar. Kunstnaren las eigne dikt blant anna dikt som var inspirert av dagane pÃ¥ Folgehuset. Ho hadde arbeidt mykje med førebuingane til utstillinga, noko me kunne sjÃ¥ og kjenna dÃ¥ me bevega oss rundt i dei ulike romma.
Etter opninga av Torstein Østevik vart der blant anna servert nybaka gjærbakst og stemninga var fin.  Mange søkande og utforskande blikk og godt drøs. Mot slutten fekk me og høyra eit stev frå ei venninne av kunstnaren.
Utstillinga er open neste helg og,- les kunstnaren sine eigne tankar om denne utstillinga :

FEM UBESVARTE ANROP
Maleriutstilling

Kirsten Opstad

*»Eg vil slÃ¥ spikar inn i veggen. Eg vil hengje opp eit maleri. Fleire spikrar, fleire maleri. Eg vil opne dørene og rope ut at alle som vil kan kome inn.

Velkommen til utstilling i Folgehuset på klepp, fredag 16. september klokka 19:00

Sist utstilling var i Galleri PushWagners Windowboks pÃ¥ Tjuvholmen i Oslo. Eit lite vindugalleri som var ope heile døgnet, heile somaren. No er det Klepp Kunstforrening som har invitert meg til Ã¥ stille ut i Folgehuset. Denne gongen vil eg lage ei utstilling i to etasjer, der maleria vert fragment av ei historie. Betrakteren mÃ¥ sjølv dikte historia. Eg har lenge vore inspirert av Jon Fosse sitt teaterstykke «Nokon kjem til Ã¥ kome.» Den underliggjande uroen. Angsten for at noko skal øydeleggje det som er vakkert ET seg inn i kvardagen, som ein parasitt.

På Klepp vil eg vise ein serie oljemaleri. Eg har fordjupa meg i Stilleben (fra tysk Still-leben: «stille liv», fransk: Nature Morte «død natur») Kunstverk som gjengir objekter i ro har eksister sidan oldtida. Eg har foreviga eggeplommer, tørkerull, planter, hummer, blåbær, ingefær, hansker og stearinlys. Eg flørter med den tradisjonelle stillebentradisjonen, og er oppteken av korleis ein i århundre har ønska å forevige det forgjengelege.

Eg har jobba fram intime stilleben, i grenseland mellom melankoli og humor. Men prøver å fange ein uro i desse stilleståande motiva. Noko har hendt? Fem ubesvarte anrop. Kven ringer. Kven er det som ikkje svarer, og kvifor? Eg er nygerrig på møtene mellom menneskjer, men og desse augeblikka då vi er åleine. Kven er vi når ingen ser oss? Innanfor fire vegger. Eit ansikt i spegelen. Ei plante som treng vatn.

Eg er oppteken av kvardagen; rutinane, rytmane og tinga vi omgir oss med. Kan vi fri oss frå tida? Tida det tek å fange eit augeblikk. Ved å zoome inn på detaljene oppstår ei spenning. Kva har hendt? Her er det berre å bruke fantasien!

Tek du utfordringa?»