Utstilling med Roald Tellnes

Fredag 24.november vert det utstilling med grafiker Roald Tellnes. Opning kl.19.00 i Folgehuset på Hauabakka.

  • Laurdag 25.november kl.13.00 – 16.00
  • Søndag 26.november kl.12.00 – 17.00
  • Laurdag 2.desember kl.13.00 – 16.00
  • Søndag 3.desember kl.12.00 – 17.00

Roald Tellnes er født i Bergen men har vore budd på Karmøy sidan han var ferdig med utdanninga.

Uttrykksforma hans er personleg, og han bruker ein sjeldan og spesiell teknikk innan grafikk, nemleg materialtrykk i tillegg til etsning og radering. Han foretrekk materialarbeid der han bruker metallbitar og netting forutan avfallsprodukter som plast.  Små bitar og figurar vert farga inn kvar for seg og uttrykket varierer dermed  frå blad til blad, noko som gjer ein ny dimensjon til fargegrafikken. Fargane er gjerne sterke med djup blå, varmrødt eller grønt som grunnfarge. Resultata får ofte eit dekorativt, relieffaktig preg som kan minna om emaljearbeid.

På si fyrste separatutstilling i 1973 viste Tellnes både skulptur, grafikk og gjenstandar som uttrykte engasjement innafor miljøvern og industriutbygging. Seinare har han laga serier som Syngeplantene, Krystallskogen og Byen der ingen ville bo. Her viser han sitt samfunnsengasjement uttrykkt gjennom ein fabel-eventyrverden,-men han har og laga heilt naturalistiske arbeid.

«Legg merke til det, sier Roald, det er ikke sÃ¥ mye det tekniske det gÃ¥r pÃ¥, men det psykologiske. Jeg bruker ofte usynlige former i bildene mine».

«Det er spesielt i motivets synsfelt en skal legge merke til det. Et ansikt uten ansikt, men dog et uttrykk. Det er her det psykologiske og det usynlige kommer inn. En kan ut fra det tomme ansiktet, se synsfeltet til motivet, et felt som danner en usynlig form. Kunst er kommunikasjon, en ikke-verbal kommunikasjon mellom motiv og den som betrakter. En mÃ¥ bare lære seg Ã¥ betrakte og dermed kommunisere

Utdrag og historien om treffet mellom dei to karane på bilete under, finn du på Spania24.no 24.oktober

Mange av hovudverka hans kan ein sjå i Haganes på Sotra ved Bergen.
Her åpna Fjell kommune i 1993 eit permanent kunstmuseum kalt Roald Tellnes kunstsamling.

Tellnes har hatt ei mengde utstillinger i Noreg og i mange andre land. Bileta er kjøpt inn av fleire norske samlinger og institusjonar i Europa, samt i USA og Japan.

Han har hatt utstillinger i OL-landsbyane på Lillehammer i 1994 og deretter i Nagano i Japan i 1998. I 1996 vart han invitert og vann konkuransen om å illustrera pave Johannes Paul II si bønebok, då som einaste norske kunstnaren.